Ulstein nye kyrkje

Vi feirar Kyrkjebyggar nr. 100
24.04.2017

Bli kyrkjebyggar Gåvekonto: 8647.12.18997
Ulstein nye kyrkje

Ulstein sokn skal byggje ei ny og større kyrkje som legg til rette for eit mangfaldig og framtidsretta kyrkjelydsliv.
Sjå utkastet arkitektkontoret Snøhetta vant arkitektkonkurransen med.
Du kan vere med å byggje Ulstein nye kyrkje ved å gi eit fast gåve i månaden eller eit eingongsbeløp.

Bli kyrkjebyggar Gåvekonto: 8647.12.18997
Ulstein nye kyrkje

Ulstein sokn skal byggje ei ny og større kyrkje som legg til rette for eit mangfaldig og framtidsretta kyrkjelydsliv.
Sjå utkastet arkitektkontoret Snøhetta vant arkitektkonkurransen med.
Du kan vere med å byggje Ulstein nye kyrkje ved å gi eit fast gåve i månaden eller eit eingongsbeløp.

Bli kyrkjebyggar Gåvekonto: 8647.12.18997

Aktuelt

3 millioner kroner tilskot frå Miljødirektoratet

06.07.2017

Ulstein kommune har fått tilsagn om eit tilskot på kr. 3 mill. til bygging av Ulstein nye kyrkje.  I tilsagnsbrevet heiter det: “I den kommende fasen av prosjektet er det viktig at tiltak for bærekraft optimaliseres og spisses mot et bærekraftig resultat”. For Ulstein sokn er det viktig å kunne realisere bygging av ei kyrkje […]

Les meir Alle nyheiter

Ei ny kyrkje for den nye tida

Den gamle kyrkja vart bygd i 1849, då var folketalet 1100.
I dag har Ulstein sokn meir enn 6000 medlemar og driv eit
arbeid med langt større bredde og mangfald enn i 1849.

Vår gamle kyrkje vil vere i aktiv bruk – i den nye tek vi i bruk framtidsretta arbeidsformer
Les meir

Ulstein får ein møtestad som innbyr til fellesskap og nestekjærleik i det daglege.

Ulstein får ei kyrkje som kan formidle den kristne kulturarven.

Ulstein får ei kyrkje som peikar inn i framtida.

Ulstein nye kyrkje vert ein god stad å høyre til.

Ulstein nye kyrkje vert eit signalbygg som er med og gir identitet til lokalsamfunnet.

Ulstein får ei kyrkje som kan løyse samfunnsoppdraget sitt.

Slik kan du bidra

Bli kyrkjebyggar!

Det blir fortalt at gardane på Ulstein i 1849 reiste ny kyrkje eitt år etter at den gamle brann. Byggeprosessar i 2017 tek lengre tid, men inspirert av tidlegare tider tek vi mål av oss til å få på plass finansiering innan utgangen av dette året.

Bli kyrkjebyggar Gi ei gåve

Snøhetta og Ulstein nye kyrkje

Konkurranseforslaget “Excelsior” vil å skape ei skreddarsydd og berekraftig kyrkje for Ulstein som vert ei verdig og funksjonell ramme for alle aktivitetane i kyrkjelyden. Den nye kyrkja vert bygt ved sidan av den eksisterande kyrkja, og dei to bygga utgjer en ny heilskap, både funksjonelt og symbolsk.

Overlys
Kontor
Samlingsrom
Kyrkjerom
Bandrom
Inngang
VF
Kyrkjestove
Flyttbare
veggelementer
Flyttbare
veggelementer
Adkomst bårerom og
utebod
Inngang administrasjondel,
barne- og ungdomsavdeling
Gangsti
Hovedinngang
Gammal kyrkjegard
Kyrkjebakke
Franxius excelcior pendula

Konseptet for “Excelsior” kan forklarast med tre ord: Steinen – Treet – Romet. Steinen eller klippa er fundamentet som den nye kyrkja vert bygd på. Den representerer det evige, det solide, fortida og alteret som eit møte med Gud. Det nye kyrkjebygget i tre etablerast som eit nytt landskap. Treverket representerer vekst, skaparverk framtid og berekraft. Den lagdelte forma lyfter seg opp i eit overlys over kyrkjerommet, og har referanse til ringar i vatn, og årringar i tre. Romet vert lik eit holrom i treet. Det representerer notida, livet og vandringa. I kyrkjerommet finn vi både den horisontale aksen i fellesskapen og vandringa inn, og den vertikale aksen i forbindinga mellom himmel og jord i overlyset.

Seks karakteristiske tre av typen hengeask pryder Ulstein gamle kyrkjegard, og gir ein særeigen karakter til området mellom den gamle kyrkja og tomta for den nye kyrkja. Hengeaska sitt vitskaplege, latinske namn er Franxinus Excelsior “Pendula”. Excelsior tyder “det høgste” eller “det opphøgde”, og er eit ord som vi kjenner frå liturgien.

Last ned planteikningar 1.-3. etg. Last ned brosjyre

Kva skjer framover?

Nyhende om
Ulstein nye kyrkje

Les meir Ulstein sokn sitt arbeid