Gode grannar!

Av Ottar Grimstad, Alta

Det er snart 70 år sidan eg småsprang fram gjennom Hareidsdalen for å nå fram til «Høddvoll» i god tid før fotballkampen starta. Eg ville sjå om Hødd vann, og heie på dei store heltane våre, han «Brun» og han «Krasin», han Leif Dimmen og han John Ertesvåg, han «Pella» og han «Bukk». Seinare har eg måtte klare meg med Vikebladet og Vikebladet/Vestposten og eit par turar for året for å halde meg oppdatert om stoda på Hareidlandet. Eg vert like imponert kvar einaste gong: Velstanden tyt ut gjennom husnovene, fritidsbåtane glinsar i fortøyingane, og det blømer i alle hagar. Aller mest blømer det i Ulsteinvik. Då Hødd vart cupmeistrar og Karsten Warholm kapra tittelen i VM, var det kjekt å fortelje at eg kom frå Hareidlandet, eg også.

Kvifor har det gått så godt med folket der? Eg har ikkje svaret, men eg kan hugse eit utsegn i ei bok av Erik Pontoppidan: «Gudsfrykt med nøysomhet». Stod det. Eg veit ikkje korleis det står til med det no, men eg veit at det i alle fall måtte starte med nøysomhet, men gudsfrykta på Hareidlandet veit eg mindre om …

Dei siste åra har eg vorte storleg imponert over korleis Ulstein har satsa på ungdomen: innandørs friidrettsanlegg, «Nye Høddvoll» og Ulstein Arena m.a. til ein uhorveleg pengesum, men også investering for trivsel og gode tilbod til komande dagar. Men ulsteinvikarane har visst ikkje råd til å byggje ny kyrkje! Her har eg lyst å blande meg inn.

«Kyrkja er meir enn stor nok.»

Lokalavisa held meg orientert. Når ein kjend idrettsmann og lokalpolitikar står fram i avisa og fortel at «Vi treng ikkje ny kyrkje, den gamle er meir enn stor nok»! Ja, då ville eg ha bedt om lækjarattest om eg budde i Ulsteinvik. Der står det at den gamle, vesle trekyrkja, som er eldgamal og bygd for eit folketal som var ein brøkdel av innbyggjartalet i dag. Folketalet er mangedobla, fritida og mobiliteten er større, aktivitetane fleire, arbeidsmåtane heilt annleis enn tidlegare, og talet på dei tilsette i kyrkja er mangedobla. Det er berre dei som ikkje kjenner til kyrkja, som kan meine at kyrkja er stor nok og teneleg nok, vil eg meine, og eg vil bruke eksempel frå min kommune, Alta:

For mange år sidan vart kyrkjefolket klar over at hovudkyrkja vår i Alta var «gått ut på dato». Ho var bygd i 1857 for eit folketal på ca. 2000, der var utedo, ikkje plass for arbeidsplass til tilsette, ikkje nok plass til kyrkjelyden, dåpsfolk osb. Noko måtte gjerast …

Ny kyrkje

Soknerådet valde «bygdas beste» til å kome med framlegg til ny kyrkje, høveleg tomt og til å lage ein framdriftsplan. Saka vart handsama i kommunestyret gong etter gong – heile sju i talet før eldsjelene fekk fram eit vedtak om å byggje ny kyrkje. Eldsjelene var optimistiske og spådde framgang for heile lokalsamfunnet, motstandarane meinte at heile prosjektet ville verte «ruin» for kommunen. Eg var sjølv med i kampen både i formannskap og sokneråd og fekk kjenne kampen på nært hald. I dag seier nesten alle at «Nordlyskatedralen Alta kirke» har vore til glede og nytte for altasamfunnet. Eg hadde ein samtale med rådmannen vår om hans syn etter at vi har fått bruke den nye kyrkja i fem år. Han oppsummerte situasjonen slik: «Dei som ville byggje kyrkja fekk heilt rett. Alta kommune har eit årsbudsjett på ca. 1,9 milliardar kroner, og vår utgift til å drifte katedralen er i underkant av fire millionar kroner. No slepp vi å leige kontorplass til nesten 20 tilsette, kyrkja har plass til speidarar, Ten Sing, ungdomsklubb, kor, KANU, og i underetg. har vi fått på plass ein nordlysattraksjon. For å få kommunestyret til å byggje ny kyrkje, måtte soknerådet bere alle renteutgiftene dei fyrste åra. Det var vanskeleg, men med god hjelp frå privatpersonar og næringsdrivande gjekk det godt, og no etterpå, kan vi summere:

Kyrkja i sentrum

Nordlyskatedralen kom på vel 130 millionar kroner. Soknerådet har samla inn 27,5 millionar. Etter at kyrkja hadde vore i bruk i eitt år, var kyrkjesøkinga nesten fordobla. Talet på nattverdsgjestar var meir enn fordobla. Akustikken i katedralen er så god at lokale, nasjonale -og internasjonale – kunstnarar står i kø for å sleppe til. Gjennomsnittet er nokså nær ein konsert pr. veke. Når vi får gjestar, og vi vil vise fram heimstaden vår, går turen til «Nordlyskatedralen», og slik er det med dei som styrer her. Det som er den største gleda for kyrkjefolket, er at kristenlivet er vitalisert, og at fleire unge brukar kyrkja vår.

Mitt beste råd til mine gode og gamle grannar i Ulsteinvik vil vere: No er det tid til å byggje ei kyrkje for framtida, tid for å gje ungdomane ein møteplass -ein arena- som vil kome heile lokalsamfunnet til gode. Dokke har takla større økonomiske problem, denne oppgåva har dokke ikkje lov til å sleppe unna.