Ei ny kyrkje for den nye tida

Vår gamle kyrkje vil vere i aktiv bruk – i den nye tek vi i bruk framtidsretta arbeidsformer

I kyrkja vil vi trufast døype, konfirmere, vie og gravlegge. Samstundes trengs lokaler til å bygge fellesskap og drive kyrkjelydsarbeid i framtida.

Ulstein får ein møtestad som innbyr til fellesskap og nestekjærleik i det daglege.

Open barnehage, integreringsarbeid, frivillige organisasjonar, møtestader for born, unge, vaksne og eldre – alt dette treng eit ope og inviterande bygg. Ei kyrkje der ein kjem like lett inn med rullestol som på lette barneføter.

Ulstein får ei kyrkje som kan formidle den kristne kulturarven.

Eit ope og inkluderande lokalsamfunn treng forankring. Den nye kyrkja vi gjere det mogleg å formidle verdiar og kulturarv til våre nye landsmenn og til komande generasjonar.

Ulstein får ei kyrkje som peikar inn i framtida.

Ved å både ta vare på den gamle kyrkja vår – og reise eit nytt og innovativt bygg, formidlar vi forteljinga om Ulsteinsamfunnet der tradisjon og utvikling går hand i hand. Kyrkja vil vere ein viktig del av samfunnet si framtid.

Ulstein nye kyrkje vert ein god stad å høyre til.

Kyrkjebygget skal vere for dei store merkedagane, for den daglege fellesskapsaktiviteten, men også eit bygg som talar for seg sjølv. Bygget vil invitere til ettertanke – ein stad der alle kan finne ro.

Ulstein nye kyrkje vert eit signalbygg som er med og gir identitet til lokalsamfunnet.

Vi trur mange vil kome til Ulstein for å oppleve det vakre kyrkjebygget. Og med eit aktivt og inkluderande innhald, vil kyrkja medverke til at Ulstein framleis vert ein attraktiv stad å bu.

Ulstein får ei kyrkje som kan løyse samfunnsoppdraget sitt.

Kyrkja har fått ansvar for å drive trusopplæring, men manglar eigna opplæringslokale. Ulstein sokn treng plass til å samle store årskull av born og unge, og nytte moderne teknologi i kulturformidling og nye undervisningsformer.