Årsmeldinga 2016 Ulstein sokn

Kyrkjelyden i Ulstein ser tilbake til eit innhaldsrikt år. Høge besøkstal vitnar om at Ulsteinsamfunnet framleis kjenner tilhøyret til kyrkja si. Soknerådsleiaren Annelise Kleven Godø skriver i årsmeldinga: “At kyrkja vår framleis er viktig, både som åndeleg heim, kjelde til kunnskap og undervisning, ein trygg arena for born og unge, viktige diakonale tenester, kulturformidling, fest- og høgtidsdagar, og ei verdig ramme for oss alle ved vegs ende. Ulstein Kyrkje betyr ein forskjell i Ulsteinsamfunnet!”

Årsmelding 2016 er tilgjengeleg i trykt utgåve i kyrkja etter gudstenesta 9. april, samt på kyrkjekontoret.
Årsmøte er satt til 23. april på Fredheim, rett etter gudstenenesta. Der vil soknerådet og tilsette presentere nokre hovudtrekk frå årsmeldinga. Alle er velkomne!