Inspirerande møte hos Snøhetta

Bildetekst: Representantar frå Ulstein sokn saman med leiinga i Snøhetta. Frå venstre: Jorunn Sannes, Christfried Kaul, Margit Holte, Lars Jørstad Nordbye, Rune Veslegard, Margrethe Lund og Kjetil Trædal Thorsen. I tillegg var dagleg leiar Tonje Værdal Frydenlund tilstades i første delen av møtet. Bilde er teke i lokala til Snøhetta.

Måndag 14. november var sokneprest Margit Lovise Holte, kyrkjeverje Christfried Kaul frå Ulstein Sokn og innsamlingsleiar Magne Grimstad jr. frå Osberget på besøk hos Snøhetta i Oslo. Saman med arkitektane set dei alle klutar til for at Ulstein nye kyrkje skal bli ein realitet.

Å få møte Snøhetta-leiinga med professor Kjetil Trædal Thorsen i spissen var ei oppleving, og veldig inspirerande for oss. Dei uttrykte eit sterkt ønske om at den nye kyrkja må bli realisert. Ikkje berre fordi dette er eit Snøhetta-prosjekt, men like mykje fordi Thorsen og kollegaene synest opplegget er unikt og spennande. Det er første gongen Snøhetta har vunne ein konkurranse om kyrkjebygg. Det kan bli eit fantastisk prosjekt, først og fremst ei ny kyrkje, men også eit kulturbygg med ringverknader, ikkje berre for kommunen, men heile regionen.

Føremålet med møtet i Oslo var å skape gjensidig inspirasjon og engasjement for den nye kyrkja. Innsamlingsaksjonen er i gang, og målet er å skaffe 250 givarar og slik samle inn 30 millionar kroner i løpet av ti år, altså tre millionar i året. På den måten vil aksjonen vere i stand til å handtere eit lån på 100 millionar kroner i ti år. I møtet med Snøhetta drøfta vi også andre finansieringsløysingar. Ved å gi bygget spesielle, framtidsretta miljøløysingar er det mogleg å hente støtte frå fleire hald.