Eit stort steg nærmare Ulstein nye kyrkje

Med glede registrer vi at det heilt unike utkastet av Ulstein nye kyrkje, Excelsior, skaper interesse og merksemd også utover lokalsamfunnet.

I prosessen med å bygge Ulstein nye kyrkje har vi eit intenst arbeidsår 2017 fram føre oss. Ulstein kommune har satt av kr. 1,2 mill. til eit skisseprosjekt. I samråd med arkitektkontoret Snøhetta skal skisseprosjektet gi oss svar på grunnleggjande konstruksjonsspørsmål og gi oss ein kostnadskalkyle for realisering av prosjektet.
Vel 50 personar har teikna kyrkjebyggaravtalen og bidrar til å reise den eigenkapitalen som vil vere naudsynt for å realisere Ulstein nye kyrkje. Vi treng fleire kyrkjebyggarar som vil gi små og store gåver eller teikne ei avtale.

BLI KYRKJBYGGAR I VÅR TID!