Ei ny kyrkje for ei ny tid
Bli kyrkjebyggar

Difor treng vi ei ny kyrkje

Ulstein Kyrkje er vår kulturarv, og ein viktig samfunnsaktør i Ulstein-samfunnet. Tida har sett sine spor, og kyrkja er ikkje lenger tilpassa vår tid og aktivitetsnivå. Vi må byggje ei ny kyrkje for å bevare den gamle, og for å gi kyrkja forsvarlege arbeidsvilkår.

“Excelsior” vil skape ei skreddarsydd og berekraftig kyrkje for Ulstein. Den blir ei verdig og funksjonell ramme for alle dagens aktivitetar i kyrkjelyden og for vår moderne tid. Den nye kyrkja vert bygd ved sidan av den eksisterande kyrkja, og dei to byggja vil utgjere ein ny heilskap, både funksjonelt og symbolsk.

Vi TRUR på ei ny kyrkje for Ulstein kommune. Mange støttar dette prosjekt.
Møt nokon av dei her:

Elisabeth Myrene

Som ergoterapeut er eg opptatt av eit berekraftig og inkluderande samfunn. Det er viktig at kyrkja er universelt utforma og tilgjengeleg for alle.

Dag-Johan Skarbø

Vi må tenke langsiktig og sjå det store biletet. Ei ny og moderne kyrkje vil styrke Ulstein-samfunnet.

Silje Grimstad Tvedt

Kyrkja gir himmelhåp gjennom livets tider, og det ynskjer vi at borna våre skal ta med seg på livsvegen sin. Eit nytt kyrkjebygg vil forenkle og forbetre trusopplæringsarbeidet. Vi treng ei ny kyrkje som er eigna til det.

Silje Håheim

Ulstein kyrkje driv eit fantastisk ungdomsarbeid, som eg har vore ein del av veldig lenge. Spesielt har mitt engasjement i Ulstein Ten-Sing vore veldig viktig for mi utvikling som person, leirar og musikar. Koret er i stadig vekst, og vi treng ei ny kyrkje som er stor nok og tilrettelagt for dagens ungdomskultur og arbeid. Eg trur på ei ny kyrkje, ein unik stad der alle kan kome akkurat slik dei er.

Ole Terje Sukka

Ei kyrkje er for oss som familie så mykje meir enn berre ei søndagsgudsteneste. Kyrkja er fellesskapet. For å skape rom for fellesskapet treng vi rom for heile familien, i alle tider på døgnet, livet gjennom.

Anne Strand Kiperberg

Vi treng eit moderne og større kyrkjerom i Ulstein. Eit hjarterom, der alle kjenner seg velkomne, uansett trusnivå.

Margit Lovise Holte

Vi har ei fantastisk kyrkje på 170 år, som no blir brukt for hardt. Vi treng å byggje ei ny kyrkje for å ta vare på den gamle. Eit nytt, stort og raust kyrkjerom, som kan huse all den aktiviteten vi i dag ikkje har rom til i herberget. Der alle, uansett behov, får ta del i fellesskapet som likeverdige medlemmar. Saman på ferda – bli kyrkjebyggjar i vår tid.

Kjersti Kleven

Med Ulstein Kyrkje assosiera eg aktiv ungdom, ein levande kulturarena, og ein himmel over livet sine viderverdigheiter. Ei ny kyrkje vil bli med Ulstein inn i framtida

Svein Rødset

Ulstein er ein av dei beste kommunane å bu i. Ulstein kyrkje er viktig for svært mange av oss. Det gamle, kjære og verneverdige kyrkjebygget må vi ta godt vare på. Den kreativiteten og kvaliteten som kyrkja sitt arbeid har potensiale til, er ein viktig berebjelke for framtidig vokster og hjartevarme. Ulsteinsamfunnet treng og fortener ei ny, god, allmenn og vidopen arbeidskyrkje med god tilkomst og trivsel for alle. Dette skal vi klare saman!

Norunn Kirkebø Elde

Med eit nytt og framtidsretta bygg vil kyrkja vere godt rusta til å yte omsorg til innbyggjarane i Ulstein.

Thor Martin Eidem

Ulstein Kyrkje er ein viktig møteplass ved høgtider og seremoniar. Ei investering for eit godt liv og ei god framtid.

Svein Bjørberg

Ulstein kirke tilfredsstiller ikke dagens brukskrav. Kirken er vernet og anbefales satt i stand med nødvendig fasiliteter for bruk til helt spesielle arrangementer.

Slik kan du bidra

Bli kyrkjebyggar!

Det blir fortalt at gardane på Ulstein i 1849 reiste ny kyrkje eitt år etter at den gamle brann. Byggeprosessar i 2017 tek lengre tid, men inspirert av tidlegare tider tek vi mål av oss til å få på plass finansiering innan utgangen av dette året.

Bli kyrkjebyggar Gi ei gåve