Konsept

Konseptet for “Excelsior” kan forklarast med tre ord: Steinen – Treet – Romet. Steinen eller klippa er fundamentet som den nye kyrkja vert bygd på. Den representerer det evige, det solide, fortida og alteret som eit møte med Gud. Det nye kyrkjebygget i tre etablerast som eit nytt landskap. Treverket representerer vekst, skaparverk framtid og berekraft. Den lagdelte forma lyfter seg opp i eit overlys over kyrkjerommet, og har referanse til ringar i vatn, og årringar i tre. Romet vert lik eit holrom i treet. Det representerer notida, livet og vandringa. I kyrkjerommet finn vi både den horisontale aksen i fellesskapen og vandringa inn, og den vertikale aksen i forbindinga mellom himmel og jord i overlyset.

Seks karakteristiske tre av typen hengeask pryder Ulstein gamle kyrkjegard, og gir ein særeigen karakter til området mellom den gamle kyrkja og tomta for den nye kyrkja. Hengeaska sitt vitskaplege, latinske namn er Franxinus Excelsior “Pendula”. Excelsior tyder “det høgste” eller “det opphøgde”, og er eit ord som vi kjenner frå liturgien.