Slik kan du bidra

Bli kyrkjebyggar!

Det blir fortalt at gardane på Ulstein i 1849 reiste ny kyrkje eitt år etter at den gamle brann. Byggeprosessar i 2017 tek lengre tid, men inspirert av tidlegare tider tek vi mål av oss til å få på plass finansiering innan utgangen av dette året.

Klarer vi det, er neste mål å innvie Ulstein nye kyrkje 1. søndag i advent 2019. I høve Kyrkjelova paragraf 15, har kommunen ansvar for finansiering av kyrkjebygg. Ulstein kommune har mange krevjande oppgåver. Difor tek vi utfordringa med å legge grunnlag for finansieringa gjennom ein dugnad – ei gjevarteneste. Gjennom denne gjevartenesta vil vi bygge eigenkapital fram til prosjektet startar og deretter kunne dekke lånekostnaden dei neste 10 åra. Dette er eit oppnåeleg mål dersom 250 personar som eksempel gir 1.000,- pr mnd i 10 år. Etter skattefrådrag vert dette beløpet kr 8.640,- pr år. Det er sjølvsagt rom for større og mindre beløp, større og mindre gåver. Ein slik finansieringsmodell vil gi prosjektet føreseielege rammer og gjere oppstart mogeleg raskare.

Signer kyrkjebyggaravtale Gi ei gåve

Framgang

107 kyrkjebyggarar

Grafikken under syner kor mykje vi har fått inn per dags dato gjennom avtalar og gåver.

0 mill 10mill 20mill 30mill

    Signer kyrkjebyggaravtalen / gi ei gåve

    Eg vil vere med på å reise Ulstein nye kyrkje ved å gi eit fast beløp i månaden. Avtalen har intensjonen for eit tidsrom på 10 år. Gjevartenesta startar ved at kyrkjebyggaravtale er signert.
    Dersom det oppstår forhold som gjer at eg ikkje kan delta i 10 år, tek eg kontakt med Ulstein sokn og vi skal bli einige om å avslutte avtalen.

    Slik reglane er i dag får du 25% skattefrådrag på gåver inntil kr. 30.000.

    Eg bidreg med:

     og sette det direkte inn på konto: 8647.12.18997.

    Eg vil gi i 10 år frå 2016 til og med 2025. Gjevartenesta startar ved signert kyrkjebyggaravtale.

    Dersom det oppstår forhold som gjer at eg ikkje kan delta i heile 10 år, vil eg ta kontakt med Ulstein sokn og vi skal bli einige om å avslutte avtalen.

    Alle som gir ei gåve vil bli handsama konfidensielt.



    Dersom Snøhetta sitt Excelsior- konsept ikkje skulle bli realisert som Ulstein ny kyrkje vil soknerådet disponere midlane til andre byggeprosjekt for å løyse Ulstein sokn sitt behov for større og tenlege lokale.

    Vår Facebook-side