Gode grannar!

Av Ottar Grimstad, Alta

Det er snart 70 år sidan eg småsprang fram gjennom Hareidsdalen for å nå fram til «Høddvoll» i god tid før fotballkampen starta. Eg ville sjå om Hødd vann, og heie på dei store heltane våre, han «Brun» og han «Krasin», han Leif Dimmen og han John Ertesvåg, han «Pella» og han «Bukk». Seinare har eg måtte klare meg med Vikebladet og Vikebladet/Vestposten og eit par turar for året for å halde meg oppdatert om stoda på Hareidlandet. Eg vert like imponert kvar einaste gong: Velstanden tyt ut gjennom husnovene, fritidsbåtane glinsar i fortøyingane, og det blømer i alle hagar. Aller mest blømer det i Ulsteinvik. Då Hødd vart cupmeistrar og Karsten Warholm kapra tittelen i VM, var det kjekt å fortelje at eg kom frå Hareidlandet, eg også.

Kvifor har det gått så godt med folket der? Eg har ikkje svaret, men eg kan hugse eit utsegn i ei bok av Erik Pontoppidan: «Gudsfrykt med nøysomhet». Stod det. Eg veit ikkje korleis det står til med det no, men eg veit at det i alle fall måtte starte med nøysomhet, men gudsfrykta på Hareidlandet veit eg mindre om …

Dei siste åra har eg vorte storleg imponert over korleis Ulstein har satsa på ungdomen: innandørs friidrettsanlegg, «Nye Høddvoll» og Ulstein Arena m.a. til ein uhorveleg pengesum, men også investering for trivsel og gode tilbod til komande dagar. Men ulsteinvikarane har visst ikkje råd til å byggje ny kyrkje! Her har eg lyst å blande meg inn.

«Kyrkja er meir enn stor nok.»

Lokalavisa held meg orientert. Når ein kjend idrettsmann og lokalpolitikar står fram i avisa og fortel at «Vi treng ikkje ny kyrkje, den gamle er meir enn stor nok»! Ja, då ville eg ha bedt om lækjarattest om eg budde i Ulsteinvik. Der står det at den gamle, vesle trekyrkja, som er eldgamal og bygd for eit folketal som var ein brøkdel av innbyggjartalet i dag. Folketalet er mangedobla, fritida og mobiliteten er større, aktivitetane fleire, arbeidsmåtane heilt annleis enn tidlegare, og talet på dei tilsette i kyrkja er mangedobla. Det er berre dei som ikkje kjenner til kyrkja, som kan meine at kyrkja er stor nok og teneleg nok, vil eg meine, og eg vil bruke eksempel frå min kommune, Alta:

For mange år sidan vart kyrkjefolket klar over at hovudkyrkja vår i Alta var «gått ut på dato». Ho var bygd i 1857 for eit folketal på ca. 2000, der var utedo, ikkje plass for arbeidsplass til tilsette, ikkje nok plass til kyrkjelyden, dåpsfolk osb. Noko måtte gjerast …

Ny kyrkje

Soknerådet valde «bygdas beste» til å kome med framlegg til ny kyrkje, høveleg tomt og til å lage ein framdriftsplan. Saka vart handsama i kommunestyret gong etter gong – heile sju i talet før eldsjelene fekk fram eit vedtak om å byggje ny kyrkje. Eldsjelene var optimistiske og spådde framgang for heile lokalsamfunnet, motstandarane meinte at heile prosjektet ville verte «ruin» for kommunen. Eg var sjølv med i kampen både i formannskap og sokneråd og fekk kjenne kampen på nært hald. I dag seier nesten alle at «Nordlyskatedralen Alta kirke» har vore til glede og nytte for altasamfunnet. Eg hadde ein samtale med rådmannen vår om hans syn etter at vi har fått bruke den nye kyrkja i fem år. Han oppsummerte situasjonen slik: «Dei som ville byggje kyrkja fekk heilt rett. Alta kommune har eit årsbudsjett på ca. 1,9 milliardar kroner, og vår utgift til å drifte katedralen er i underkant av fire millionar kroner. No slepp vi å leige kontorplass til nesten 20 tilsette, kyrkja har plass til speidarar, Ten Sing, ungdomsklubb, kor, KANU, og i underetg. har vi fått på plass ein nordlysattraksjon. For å få kommunestyret til å byggje ny kyrkje, måtte soknerådet bere alle renteutgiftene dei fyrste åra. Det var vanskeleg, men med god hjelp frå privatpersonar og næringsdrivande gjekk det godt, og no etterpå, kan vi summere:

Kyrkja i sentrum

Nordlyskatedralen kom på vel 130 millionar kroner. Soknerådet har samla inn 27,5 millionar. Etter at kyrkja hadde vore i bruk i eitt år, var kyrkjesøkinga nesten fordobla. Talet på nattverdsgjestar var meir enn fordobla. Akustikken i katedralen er så god at lokale, nasjonale -og internasjonale – kunstnarar står i kø for å sleppe til. Gjennomsnittet er nokså nær ein konsert pr. veke. Når vi får gjestar, og vi vil vise fram heimstaden vår, går turen til «Nordlyskatedralen», og slik er det med dei som styrer her. Det som er den største gleda for kyrkjefolket, er at kristenlivet er vitalisert, og at fleire unge brukar kyrkja vår.

Mitt beste råd til mine gode og gamle grannar i Ulsteinvik vil vere: No er det tid til å byggje ei kyrkje for framtida, tid for å gje ungdomane ein møteplass -ein arena- som vil kome heile lokalsamfunnet til gode. Dokke har takla større økonomiske problem, denne oppgåva har dokke ikkje lov til å sleppe unna.

3 millioner kroner tilskot frå Miljødirektoratet

Ulstein kommune har fått tilsagn om eit tilskot på kr. 3 mill. til bygging av Ulstein nye kyrkje.  I tilsagnsbrevet heiter det: «I den kommende fasen av prosjektet er det viktig at tiltak for bærekraft optimaliseres og spisses mot et bærekraftig resultat». For Ulstein sokn er det viktig å kunne realisere bygging av ei kyrkje der bærekraft er eit vesentleg aspekt.

Årsmeldinga 2016 Ulstein sokn

Kyrkjelyden i Ulstein ser tilbake til eit innhaldsrikt år. Høge besøkstal vitnar om at Ulsteinsamfunnet framleis kjenner tilhøyret til kyrkja si. Soknerådsleiaren Annelise Kleven Godø skriver i årsmeldinga: «At kyrkja vår framleis er viktig, både som åndeleg heim, kjelde til kunnskap og undervisning, ein trygg arena for born og unge, viktige diakonale tenester, kulturformidling, fest- og høgtidsdagar, og ei verdig ramme for oss alle ved vegs ende. Ulstein Kyrkje betyr ein forskjell i Ulsteinsamfunnet!»

Årsmelding 2016 er tilgjengeleg i trykt utgåve i kyrkja etter gudstenesta 9. april, samt på kyrkjekontoret.
Årsmøte er satt til 23. april på Fredheim, rett etter gudstenenesta. Der vil soknerådet og tilsette presentere nokre hovudtrekk frå årsmeldinga. Alle er velkomne!

Snøhetta lot seg imponere over aktivitetsnivået i soknet

Frå venstre: Christfried Kaul, kyrkjeverje Ulstein sokn, prosjektleiar Margrethe Lund (Snøhetta), sokneprest Margit Lovise Holte, arkitekt Rune Veslegard (Snøhetta) og interiørarkitekt Bjørg Aabø (Snøhetta). Foto: Vikebladet/Jorulf Myrene

Snøhetta var på synfaring i Ulsteinvik førre veke. Dei var her for å sjå på lokalane våre, arbeidet og aktivitetane våre, tomta for den nye kyrkja, men også for å diskutere romløysing, bruksalternativ og tilpassingsbehov. Det er utarbeidd ei førebels planløysing som inneheld grunntrekka til den nye kyrkja. No skal det jobbes med dei vidare detaljane for å få fleksible løysingar og sambruk.
Skisseprosjektet skal utvikle det første utkastet vidare til eit konkret og tilpassa prosjekt og skal presenterast i april/mai.

Snøhetta er i gang med skisseprosjekt Ulstein nye kyrkje

Det jobbes no med kriterier for konstruksjon og materialval, energi og miljø, akustikk og brannsikkerheit, samt konkretisering av romprogram som innvirker på forhold i konstruksjonen. Med skisseprosjektet får vi  ei kostnadskalkyle for bygging av Ulstein nye kyrkje.
Vi treng framleis fleire kyrkjebyggarar som vil gi ei gåve eller teikne ei avtale med valfritt beløp. BLI MED SOM KYRKJBYGGAR I VÅR TID!
Klikk her for å lese meir om det å bli kyrkjebyggar: https://www.ulsteinnyekyrkje.no/bli-kyrkjebyggar/#topp

Eit stort steg nærmare Ulstein nye kyrkje

Med glede registrer vi at det heilt unike utkastet av Ulstein nye kyrkje, Excelsior, skaper interesse og merksemd også utover lokalsamfunnet. (mer…)

Gi eit gåvekort til bygging av Ulstein nye kyrkje

På leit etter julegåva? Det er ikkje alltid lett å finne noko til den som har alt eller ikkje treng så masse. Det tenkte Arne Sivertstøl og kom til kyrkja med ideen om å lage eit ideelt gåvekort til inntekt for Ulstein nye kyrkje.

Kjøper du eit slikt gåvekort går kr. 250,- rett til bygging av Ulstein nye kyrkje. Det er ingen gåve ein kan pakke ut, men når Ulstein nye kyrkje står ferdig kan ein jo teke gåva i bruk.

Det er enklast å betale det med VIPPS, men du kan også betale direkte på konto. Følg instruksene ved å bestille gåvekort. Gåvekortet får du tilsendt frå kyrkjekontoret så fort vi har fått pengane.

Vær ein kyrkjebyggar i di tid!

Inspirerande møte hos Snøhetta

Bildetekst: Representantar frå Ulstein sokn saman med leiinga i Snøhetta. Frå venstre: Jorunn Sannes, Christfried Kaul, Margit Holte, Lars Jørstad Nordbye, Rune Veslegard, Margrethe Lund og Kjetil Trædal Thorsen. I tillegg var dagleg leiar Tonje Værdal Frydenlund tilstades i første delen av møtet. Bilde er teke i lokala til Snøhetta.

Måndag 14. november var sokneprest Margit Lovise Holte, kyrkjeverje Christfried Kaul frå Ulstein Sokn og innsamlingsleiar Magne Grimstad jr. frå Osberget på besøk hos Snøhetta i Oslo. Saman med arkitektane set dei alle klutar til for at Ulstein nye kyrkje skal bli ein realitet.

Å få møte Snøhetta-leiinga med professor Kjetil Trædal Thorsen i spissen var ei oppleving, og veldig inspirerande for oss. Dei uttrykte eit sterkt ønske om at den nye kyrkja må bli realisert. Ikkje berre fordi dette er eit Snøhetta-prosjekt, men like mykje fordi Thorsen og kollegaene synest opplegget er unikt og spennande. Det er første gongen Snøhetta har vunne ein konkurranse om kyrkjebygg. Det kan bli eit fantastisk prosjekt, først og fremst ei ny kyrkje, men også eit kulturbygg med ringverknader, ikkje berre for kommunen, men heile regionen.

Føremålet med møtet i Oslo var å skape gjensidig inspirasjon og engasjement for den nye kyrkja. Innsamlingsaksjonen er i gang, og målet er å skaffe 250 givarar og slik samle inn 30 millionar kroner i løpet av ti år, altså tre millionar i året. På den måten vil aksjonen vere i stand til å handtere eit lån på 100 millionar kroner i ti år. I møtet med Snøhetta drøfta vi også andre finansieringsløysingar. Ved å gi bygget spesielle, framtidsretta miljøløysingar er det mogleg å hente støtte frå fleire hald.

Startskotet for innsamlingsaksjon på historisk dato

I dag torsdag 27. oktober går startskotet for innsamlingsaksjonen til Ulstein nye kyrkje. Datoen er historisk. Den 27. oktober 1878 vigsla dei kyrkja på nytt etter at ho var flytta til sentrum.

Draumen om å bli kyrkjebyggjar i vår tid skal bli verkeleg.

Målet er å skaffe 250 givarar og slik samle inn 30 millionar kroner i løpet av ti år, altså tre millionar i året. På den måten vil aksjonen vere i stand til å handtere eit lån på 100 millionar kroner i ti år.

– Vi har ein draum for alle oss som bur i Ulstein, at vi får vere kyrkjebyggarar i vår tid; setje eit merke i historia, reise eit signalbygg og skape eit levande fellesskap. Arkitektkontoret Snøhetta har laga eit utkast til Ulstein nye kyrkje som vil få ringverknader for heile regionen, forklarer Holte, Kaul og Grimstad. Dei legg til:

– Kyrkjebygga har ein annan horisont enn dei fleste andre bygg; kyrkjene taler ut over si tid. Difor skal også den eksisterande kyrkje vere i aktiv bruk i framtida.

Reiser rundt og presenterer
Dei tre vil i tida framover reise rundt og presentere prosjektet. Ulstein Rotaryklubb og Ulstein Historielag har alt sagt ja til besøk. Fleire vil bli spurte, men her er det berre å melde si interesse for lag, organisasjonar og næringsliv.

Holte, Kaul og Grimstad meiner Snøhetta sitt utkast Excelsior vil å skape ei verdig kyrkje for Ulstein og ei skreddarsydd ramme for aktivitetane i kyrkjelyden. Den nye kyrkja skal byggast ved sida av den gamle. Dei to bygga vil utgjere ein heilskap, både funksjonelt og symbolsk.

Symbola
Symbolsk tar Excelsior utgangspunkt i tre ord: Steinen, treet og rommet. Steinen eller klippa er fundamentet for den nye kyrkja. Klippa representerer det evige, solide, alteret – ein stad der du møter Gud. Kyrkja skal byggast i tre, skapt som eit nytt landskap. Treverket representerer liv, vekst og skaparverk. Den lagdelte forma lyfter seg opp i eit overlys over kyrkjerommet, og gir assosiasjonar til årringar i tre og ringar i vatn:

­– Vi ønskjer å vere ein positiv aktør som skaper ringverknader. Samtidig skal vi vere ei open kyrkje, der det vil vere folk til stades kvar dag ettersom soknet vil legge kontorfunksjonane til den nye kyrkja. Ho vil vere lett tilgjengeleg anten du kjem med rullestol eller rullator, frå gatenivå, rett inn og fram til alteret. Sjølve kyrkjerommet vil formidle ei unik høgtid; lyset, symbolikken. Det blir eit sterkt rom. I tillegg vil kyrkja ha eit lite kapell, ein stille oase. Kyrkja er ein identitetsbyggar. Vi ønskjer at folk skal vere stolte av dei to kyrkjene i Ulstein, avsluttar sokneprest Margit Lovise Holte, kyrkjeverje Christfried Kaul og innsamlingsleiar Magne Grimstad jr.

(Bilete: Frå venstre, innsamlingsleiar Magne Grimstad jr., sokneprest Margit Lovise Holte og kyrkjeverje Christfried Kaul)

Kontaktinfo:
Ulstein kyrkjekontor tlf. 70017680
Christfried Kaul (kyrkjeverje), epost: kyrkjeverje@ulsteinkyrkje.no
Margit Lovise Holte (sokneprest), epost: sokneprest@ulsteinkyrkje.no
Magne Grimstad (innsamlingsleiar), epost: magne@osberget.no

Engasjert kyrkjebyggar

Ved å bygge Ulstein nye kyrkje kan vi sette vårt merke i tida, reise eit signalbygg og skape eit levande fellesskap frå vogge til grav. Til å hjelpe oss med dette har Ulstein sokn engasjert Magne Grimstad jr. frå Osberget AS. Han vil saman med oss ha ansvar for innsamlingsaksjonen for Ulstein nye kyrkje. Målsettinga er å skape engasjement og givarteneste der visjonen ”Kyrkjebyggar i vår tid” vert etablert for eit breitt lag av folket.

Dikt og musikk til intekt for Ulstein nye kyrkje

02. oktober 2016, kl. 19:00

Kvelv bak kvelv utan ende

er tittelen på kvelden der dikt av Tomas Transtrømer, Robert Bly, Jan Ove Ulstein og Øystein Orten blir tonesett av Odd Goksøyr saman med Gunn Marthe V. Pieroth,  Ståle Helvig, Miki Campins, og Jan Thormodsæter. Diktlesing ved Øystein Orten.

Billettsal ved inngangen: kr. 100,-

Sparebanken Møre og Ura forlag er sponsorar for konserten. Overskot av konserten går til bygging av Ulstein nye kyrkje.

Ulstein sokneråd vil realisere «Excelsior»

Ulstein kyrkjelege fellesråd har vedtatt å arbeide vidare fram med å bygge Ulstein nye kyrkje, etter vinnarutkastet Excelsior frå arkitektkontoret Snøhetta. Den viktigaste oppgåva no er å få fleire gjevarar som ønskjer å vere med på å finansiere kyrkjebygget. Gjennom kyrkjebyggaravtalen ønskjer soknet å få på plass ei føreseieleg gjevarteneste. Med denne kan vi finansiere lånet for kyrkjebygget dei første åra. Men også anna form av økonomisk stønad (enkeltbeløp etc.) er hjertelig velkomen. I dialog med Snøhetta skal vi no bearbeide utkastet og få ein konkret økonomisk ramme for byggeprosjektet.

Dei første kyrkjebyggarane har meldt seg

Presentasjonen av vinnarutkastet til Snøhetta ble møtt med stor entusiasme. Dette har resultert i at vi har kommet godt i gang med gjevarteneste. I løpet av sommaren har dei første 20 personar meldt seg som kyrkjebyggarar.

Snøhetta skal teikne Ulstein nye kyrkje

Ulstein sokn fekk 4 gode utkast i arkitektkonskurranse til Ulstein nye kyrkje. Juryen var samstemde i at Snøhetta sitt utkast, Excelsior, svarer best på bestillinga.

Dei 4 forslaga var behandla anonymt av juryen. Leiar i soknets utval for nytt kyrkjebygg, Harald Nordal trakk fram hovudgrunnar frå juryens arbeid kvifor prosjektet vann.

Excelsior er den som best nytter tomta og tek ikkje areal frå den gamle gravplassen.
Utkastet har gode areal og romløysingar til kontor, kyrkjelydsabeid i samspel med eit unikt og fleksibelt kyrkjerom. Dette vil vere til glede for kor, lag organisasjonar, unge og eldre
Excelsior har ein spanande, unik arkitektur som talar for seg sjølv men som også står seg godt ilag med den gamle kyrkja.

Det var eit spent publikum som tok imot dei 4 arkitektane frå Snøhetta: Lars Jørstad Nordbye, Rune Veslegard, Frank Nodland og Margrethe Lund. I presentasjonen av konseptet trakk dei fram referansen til skipsbyggartradisjonen og lokale materialar som inspirerte til vinnarutkastet.

Konseptet for «Excelsior» kan forklarast med tre ord: Steinen – Treet – Romet. Steinen eller klippa er fundamentet som den nye kyrkja vert bygt på. Den representerer det evige, det solide, fortida, og alteret som eit møte med Gud. Det nye kyrkjebygget i tre etablerast som eit nytt landskap. Treverket representerer vekst, skaparverk, framtid og berekraft. Den lagdelte forma lyfter seg opp i eit overlys over kyrkjerommet, og har referanse til ringar i vatn, og årringar i tre. Romet vert lik eit holrom i treet. Det representerer notida, livet og vandringa. I kyrkjeromet finn vi både den horisontale aksen i fellesskapen og vandringa inn, og den vertikale aksen i forbindinga mellom himmel og jord i overlyset.

Ulstein sokn har tru på at dette vert eit godt kyrkjebygg for Ulstein som saman med den gamle kyrkja vil fortelje om både tradisjon og fornying.

Tween Sing sto for den musikalske ramma for arrangementet. Med sitt sprudlande engasjement viste dei ei av dei mange ulike sider ved kyrkjelydslivet.

For å realisere bygging av Ulstein nye kyrkje trengst det ein brei dugnad i form av ei gjevarteneste der vi vil utfordre folk i Ulstein til å få eigarskap og vere kyrkjebyggarar i vår tid.

Linkar i høve offentleggjeringa:
NRK M&R: https://www.nrk.no/mr/slik-blir-nyekyrkja-i-ulstein-1.12993233
Norske arkitekters landsforbund:  http://www.arkitektur.no/artikkel75491
Vikebladet: http://www.vikebladet.no/nyhende/2016/06/11/Her-er-nyekyrkja-i-Ulstein-12874889.ece