Snøhetta skal teikne Ulstein nye kyrkje

Ulstein sokn fekk 4 gode utkast i arkitektkonskurranse til Ulstein nye kyrkje. Juryen var samstemde i at Snøhetta sitt utkast, Excelsior, svarer best på bestillinga.

Dei 4 forslaga var behandla anonymt av juryen. Leiar i soknets utval for nytt kyrkjebygg, Harald Nordal trakk fram hovudgrunnar frå juryens arbeid kvifor prosjektet vann.

Excelsior er den som best nytter tomta og tek ikkje areal frå den gamle gravplassen.
Utkastet har gode areal og romløysingar til kontor, kyrkjelydsabeid i samspel med eit unikt og fleksibelt kyrkjerom. Dette vil vere til glede for kor, lag organisasjonar, unge og eldre
Excelsior har ein spanande, unik arkitektur som talar for seg sjølv men som også står seg godt ilag med den gamle kyrkja.

Det var eit spent publikum som tok imot dei 4 arkitektane frå Snøhetta: Lars Jørstad Nordbye, Rune Veslegard, Frank Nodland og Margrethe Lund. I presentasjonen av konseptet trakk dei fram referansen til skipsbyggartradisjonen og lokale materialar som inspirerte til vinnarutkastet.

Konseptet for «Excelsior» kan forklarast med tre ord: Steinen – Treet – Romet. Steinen eller klippa er fundamentet som den nye kyrkja vert bygt på. Den representerer det evige, det solide, fortida, og alteret som eit møte med Gud. Det nye kyrkjebygget i tre etablerast som eit nytt landskap. Treverket representerer vekst, skaparverk, framtid og berekraft. Den lagdelte forma lyfter seg opp i eit overlys over kyrkjerommet, og har referanse til ringar i vatn, og årringar i tre. Romet vert lik eit holrom i treet. Det representerer notida, livet og vandringa. I kyrkjeromet finn vi både den horisontale aksen i fellesskapen og vandringa inn, og den vertikale aksen i forbindinga mellom himmel og jord i overlyset.

Ulstein sokn har tru på at dette vert eit godt kyrkjebygg for Ulstein som saman med den gamle kyrkja vil fortelje om både tradisjon og fornying.

Tween Sing sto for den musikalske ramma for arrangementet. Med sitt sprudlande engasjement viste dei ei av dei mange ulike sider ved kyrkjelydslivet.

For å realisere bygging av Ulstein nye kyrkje trengst det ein brei dugnad i form av ei gjevarteneste der vi vil utfordre folk i Ulstein til å få eigarskap og vere kyrkjebyggarar i vår tid.

Linkar i høve offentleggjeringa:
NRK M&R: https://www.nrk.no/mr/slik-blir-nyekyrkja-i-ulstein-1.12993233
Norske arkitekters landsforbund:  http://www.arkitektur.no/artikkel75491
Vikebladet: http://www.vikebladet.no/nyhende/2016/06/11/Her-er-nyekyrkja-i-Ulstein-12874889.ece