Ulstein får ei kyrkje som kan formidle den kristne kulturarven.

Eit ope og inkluderande lokalsamfunn treng forankring. Den nye kyrkja vi gjere det mogleg å formidle verdiar og kulturarv til våre nye landsmenn og til komande generasjonar.

Ulstein får ei kyrkje som peikar inn i framtida.

Ved å både ta vare på den gamle kyrkja vår – og reise eit nytt og innovativt bygg, formidlar vi forteljinga om Ulsteinsamfunnet der tradisjon og utvikling går hand i hand. Kyrkja vil vere ein viktig del av samfunnet si framtid.

Ulstein nye kyrkje vert ein god stad å høyre til.

Kyrkjebygget skal vere for dei store merkedagane, for den daglege fellesskapsaktiviteten, men også eit bygg som talar for seg sjølv. Bygget vil invitere til ettertanke – ein stad der alle kan finne ro.

Ulstein nye kyrkje vert eit signalbygg som er med og gir identitet til lokalsamfunnet.

Vi trur mange vil kome til Ulstein for å oppleve det vakre kyrkjebygget. Og med eit aktivt og inkluderande innhald, vil kyrkja medverke til at Ulstein framleis vert ein attraktiv stad å bu.

Ulstein får ei kyrkje som kan løyse samfunnsoppdraget sitt.

Kyrkja har fått ansvar for å drive trusopplæring, men manglar eigna opplæringslokale. Ulstein sokn treng plass til å samle store årskull av born og unge, og nytte moderne teknologi i kulturformidling og nye undervisningsformer.

Galleri

Snøhetta og Ulstein nye kyrkje

Konkurranseforslaget “Excelsior” vil å skape ei skreddarsydd og berekraftig kyrkje for Ulstein som vert ei verdig og funksjonell ramme for alle aktivitetane i kyrkjelyden. Den nye kyrkja vert bygt ved sidan av den eksisterande kyrkja, og dei to bygga utgjer en ny heilskap, både funksjonelt og symbolsk.

Konsept

Konseptet for “Excelsior” kan forklarast med tre ord: Steinen – Treet – Romet. Steinen eller klippa er fundamentet som den nye kyrkja vert bygd på. Den representerer det evige, det solide, fortida og alteret som eit møte med Gud. Det nye kyrkjebygget i tre etablerast som eit nytt landskap. Treverket representerer vekst, skaparverk framtid og berekraft. Den lagdelte forma lyfter seg opp i eit overlys over kyrkjerommet, og har referanse til ringar i vatn, og årringar i tre. Romet vert lik eit holrom i treet. Det representerer notida, livet og vandringa. I kyrkjerommet finn vi både den horisontale aksen i fellesskapen og vandringa inn, og den vertikale aksen i forbindinga mellom himmel og jord i overlyset.

Seks karakteristiske tre av typen hengeask pryder Ulstein gamle kyrkjegard, og gir ein særeigen karakter til området mellom den gamle kyrkja og tomta for den nye kyrkja. Hengeaska sitt vitskaplege, latinske namn er Franxinus Excelsior “Pendula”. Excelsior tyder “det høgste” eller “det opphøgde”, og er eit ord som vi kjenner frå liturgien.

Dei første kyrkjebyggarane har meldt seg

Presentasjonen av vinnarutkastet til Snøhetta ble møtt med stor entusiasme. Dette har resultert i at vi har kommet godt i gang med gjevarteneste. I løpet av sommaren har dei første 20 personar meldt seg som kyrkjebyggarar.







Sette eit merke i tida
Bygge for framtida
Skape eit levande fellesskap