Startskotet for innsamlingsaksjon på historisk dato

I dag torsdag 27. oktober går startskotet for innsamlingsaksjonen til Ulstein nye kyrkje. Datoen er historisk. Den 27. oktober 1878 vigsla dei kyrkja på nytt etter at ho var flytta til sentrum.

Draumen om å bli kyrkjebyggjar i vår tid skal bli verkeleg.

Målet er å skaffe 250 givarar og slik samle inn 30 millionar kroner i løpet av ti år, altså tre millionar i året. På den måten vil aksjonen vere i stand til å handtere eit lån på 100 millionar kroner i ti år.

– Vi har ein draum for alle oss som bur i Ulstein, at vi får vere kyrkjebyggarar i vår tid; setje eit merke i historia, reise eit signalbygg og skape eit levande fellesskap. Arkitektkontoret Snøhetta har laga eit utkast til Ulstein nye kyrkje som vil få ringverknader for heile regionen, forklarer Holte, Kaul og Grimstad. Dei legg til:

– Kyrkjebygga har ein annan horisont enn dei fleste andre bygg; kyrkjene taler ut over si tid. Difor skal også den eksisterande kyrkje vere i aktiv bruk i framtida.

Reiser rundt og presenterer
Dei tre vil i tida framover reise rundt og presentere prosjektet. Ulstein Rotaryklubb og Ulstein Historielag har alt sagt ja til besøk. Fleire vil bli spurte, men her er det berre å melde si interesse for lag, organisasjonar og næringsliv.

Holte, Kaul og Grimstad meiner Snøhetta sitt utkast Excelsior vil å skape ei verdig kyrkje for Ulstein og ei skreddarsydd ramme for aktivitetane i kyrkjelyden. Den nye kyrkja skal byggast ved sida av den gamle. Dei to bygga vil utgjere ein heilskap, både funksjonelt og symbolsk.

Symbola
Symbolsk tar Excelsior utgangspunkt i tre ord: Steinen, treet og rommet. Steinen eller klippa er fundamentet for den nye kyrkja. Klippa representerer det evige, solide, alteret – ein stad der du møter Gud. Kyrkja skal byggast i tre, skapt som eit nytt landskap. Treverket representerer liv, vekst og skaparverk. Den lagdelte forma lyfter seg opp i eit overlys over kyrkjerommet, og gir assosiasjonar til årringar i tre og ringar i vatn:

­– Vi ønskjer å vere ein positiv aktør som skaper ringverknader. Samtidig skal vi vere ei open kyrkje, der det vil vere folk til stades kvar dag ettersom soknet vil legge kontorfunksjonane til den nye kyrkja. Ho vil vere lett tilgjengeleg anten du kjem med rullestol eller rullator, frå gatenivå, rett inn og fram til alteret. Sjølve kyrkjerommet vil formidle ei unik høgtid; lyset, symbolikken. Det blir eit sterkt rom. I tillegg vil kyrkja ha eit lite kapell, ein stille oase. Kyrkja er ein identitetsbyggar. Vi ønskjer at folk skal vere stolte av dei to kyrkjene i Ulstein, avsluttar sokneprest Margit Lovise Holte, kyrkjeverje Christfried Kaul og innsamlingsleiar Magne Grimstad jr.

(Bilete: Frå venstre, innsamlingsleiar Magne Grimstad jr., sokneprest Margit Lovise Holte og kyrkjeverje Christfried Kaul)

Kontaktinfo:
Ulstein kyrkjekontor tlf. 70017680
Christfried Kaul (kyrkjeverje), epost: kyrkjeverje@ulsteinkyrkje.no
Margit Lovise Holte (sokneprest), epost: sokneprest@ulsteinkyrkje.no
Magne Grimstad (innsamlingsleiar), epost: magne@osberget.no

Engasjert kyrkjebyggar

Ved å bygge Ulstein nye kyrkje kan vi sette vårt merke i tida, reise eit signalbygg og skape eit levande fellesskap frå vogge til grav. Til å hjelpe oss med dette har Ulstein sokn engasjert Magne Grimstad jr. frå Osberget AS. Han vil saman med oss ha ansvar for innsamlingsaksjonen for Ulstein nye kyrkje. Målsettinga er å skape engasjement og givarteneste der visjonen ”Kyrkjebyggar i vår tid” vert etablert for eit breitt lag av folket.

Dikt og musikk til intekt for Ulstein nye kyrkje

02. oktober 2016, kl. 19:00

Kvelv bak kvelv utan ende

er tittelen på kvelden der dikt av Tomas Transtrømer, Robert Bly, Jan Ove Ulstein og Øystein Orten blir tonesett av Odd Goksøyr saman med Gunn Marthe V. Pieroth,  Ståle Helvig, Miki Campins, og Jan Thormodsæter. Diktlesing ved Øystein Orten.

Billettsal ved inngangen: kr. 100,-

Sparebanken Møre og Ura forlag er sponsorar for konserten. Overskot av konserten går til bygging av Ulstein nye kyrkje.

Ulstein sokneråd vil realisere «Excelsior»

Ulstein kyrkjelege fellesråd har vedtatt å arbeide vidare fram med å bygge Ulstein nye kyrkje, etter vinnarutkastet Excelsior frå arkitektkontoret Snøhetta. Den viktigaste oppgåva no er å få fleire gjevarar som ønskjer å vere med på å finansiere kyrkjebygget. Gjennom kyrkjebyggaravtalen ønskjer soknet å få på plass ei føreseieleg gjevarteneste. Med denne kan vi finansiere lånet for kyrkjebygget dei første åra. Men også anna form av økonomisk stønad (enkeltbeløp etc.) er hjertelig velkomen. I dialog med Snøhetta skal vi no bearbeide utkastet og få ein konkret økonomisk ramme for byggeprosjektet.

Top picture

Bli kyrkjebyggar!

Det blir fortalt at gardane på Ulstein i 1849 reiste ny kyrkje eitt år etter at den gamle brann. Byggeprosessar i 2017 tek lengre tid, men inspirert av tidlegare tider tek vi mål av oss til å få på plass finansiering innan utgangen av dette året.

Klarer vi det, er neste mål å innvie Ulstein nye kyrkje 1. søndag i advent 2019. I høve Kyrkjelova paragraf 15, har kommunen ansvar for finansiering av kyrkjebygg. Ulstein kommune har mange krevjande oppgåver. Difor tek vi utfordringa med å legge grunnlag for finansieringa gjennom ein dugnad – ei gjevarteneste. Gjennom denne gjevartenesta vil vi bygge eigenkapital fram til prosjektet startar og deretter kunne dekke lånekostnaden dei neste 10 åra. Dette er eit oppnåeleg mål dersom 250 personar som eksempel gir 1.000,- pr mnd i 10 år. Etter skattefrådrag vert dette beløpet kr 8.640,- pr år. Det er sjølvsagt rom for større og mindre beløp, større og mindre gåver. Ein slik finansieringsmodell vil gi prosjektet føreseielege rammer og gjere oppstart mogeleg raskare.

Tek du utfordringa?
Bli ein kyrkjebyggar i vår tid!

Kontakt kyrkjeverje Christfried Kaul
post.ulstein@kyrkja.no, tel 70017680
Gjevarkonto for Ulstein nye kyrkje:
8647.12.18997

Last ned utskrivbart skjema

Fyll inn skjema nedanfor

Ei ny kyrkje for den nye tida

Den gamle kyrkja vart bygd i 1849, då var folketalet 1100.
I dag har Ulstein sokn meir enn 6000 medlemar og driv eit
arbeid med langt større bredde og mangfald enn i 1849.

Vår gamle kyrkje vil vere i aktiv bruk – i den nye tek vi i bruk framtidsretta arbeidsformer

I kyrkja vil vi trufast døype, konfirmere, vie og gravlegge. Samstundes trengs lokaler til å bygge fellesskap og drive kyrkjelydsarbeid i framtida.

Ulstein får ein møtestad som innbyr til fellesskap og nestekjærleik i det daglege.

Open barnehage, integreringsarbeid, frivillige organisasjonar, møtestader for born, unge, vaksne og eldre – alt dette treng eit ope og inviterande bygg. Ei kyrkje der ein kjem like lett inn med rullestol som på lette barneføter.